Forskjellig

Dagbok fra Melsomkyra

Motgang i kvardagen gjev lærdom

Årets sesong er over. Når ein ser utover åkerane og på dyra i fjoset kan ein bli litt tankefull. Tenk at me får moglegheten til forvalte slike rikdommar som det naturen gjev oss. Men gjer me det på rett vis?

Tekst og foto:
Kari Lise J. Dybo

Mjølkeprodusent

kari.dybo@gmail.com

Jarrianda nyter sintida.

Nå er alt i hus. Både avlingar og dyr. Det er så godt å få dyra ut på våren. Få lufta ut av fjoset. Sjå korn og gras vakne til live. Vårkorn og fôrmais i bakken. La kyr og kalvar sprette over grøne beiter. Snart er det tid for slått.

Fin vår

Kvigemåling blir gjort i hvertfall to gonger i året. Målet er fire.

Brunstklynge i morgodis. Utfordringa er å finne ut kven som er rett kandidat.

Raigrasfrøet blir sendt til testing. Det holdt mål og me fekk sendt avgarde årets avling.

Den gamle dyrevogna gjorde jobben i mange år.

Våren kom tidleg og været holdt seg. Våronna holdt eit javnt sig. Husdyrgjødsla blei kjøyrd ut av ein entreprenør med slepeslange. Så mykje meir effektivt enn om me sjølv skulle ha gjort det. Med den fine våren fekk me alt i bakken i tide. Det har vore ein god sesong. Ammekyrne kalva lett og greit. Stuten har levera. Dyra har vore på innsida av gjerda sine. Ei veke etter at haustkornet var treska gjekk neste års avling i bakken. Nå sådde me raps.

Hatt våre doser med håplause tilfeller

Det høyres ut som om alt har vore så lett. Men det er langifrå alltid slik. Me har hatt våre doser med håplause tilfeller oppigjennom åra. Som for eksempel: Den eine kyra etter den andre med jurbetennelse. Høgt celletall på tanken over lengre tid. Uten å vite kvar ein skal begynne for å få det ned. Tett dialog med dyrlege og rådgjevar. Enkeltspeneprøver og sintidsbehandling. Kalvar som ikkje vil drikke. Får luftvegsinfeksjon og/eller diarè. Arbeidsdagar som «aldri» tek slutt og ein tenker at ein kan like gjerne legge seg på sofaen for det blir bare noken få timar søvn uansett.Eller kanskje ein bare skulle begynne morgostellet litt tidlegt? For ikkje å snakke om kalvingsproblem. Kvige med smalt bekken og stor kalv som endte i keisarsnitt (det gjekk bra). Tvillingar som kom hulter til bulter. Børslyng sjavsagt kl.01. Drikkekar som ryk. Robot som har fått ein stopp.

Ikkje berre inne det har butta

Men det er ikkje bare inne det til tider har butta ganske så kraftigt. Ute har det vore sine mindre gode øyeblikk òg. Våte sesongar der blauthòla har strekt seg utover og ein kjøyrde fast såmaskina. Likeins med gjødselvogna på eit nyetablert område ved sida av det nye fjoset. Sjavsagt var vogna burtimot full. Dialogen rundt berginga var ikkje akkurat av det lystige slaget. Den seiste av slike tilfeller var i fjor då dekket på treskaren vrengte seg av felgen i ei sidehelling. Heller ikkje denne telefonen var spesielt lystig.

Telefon om lause kyr

For ikkje å snakke om alle dei gongene me har fått telefon om at det er lause dyr! Kviger i kornåkeren til naboen. Hadde akkurat sett oss ned og skulle feire bursdagen til den eine gutungen. Er det ikkje typisk? Eller då me kunne lese på den lokale FB-sida at det stod noken «svære kuer» i ein hage i eit nabolag. Det var åringar, men dei var riktignok absolutt på feil stad. Fekk losa dei i rett retning ganske fort, og meir blei det ikkje av den saken. Det er så mange slike situasjonar. Kunne blitt ei nett lita novellesamling av historiane me har opplevd oppigjennom åra.

«Kunne blitt ei nett lita novellesamling av historiane me har opplevd oppigjennom åra»

Me har lært utruleg mykje

Nok ein gong er samarbeid eit stikkord. Henting av slakt ein tidleg vintermorgo.

På grunn av den motgang ein å møter i kvardagen opplever me at me har lært utruleg mykje. Med alt me veit kan skje, så er me desto meir takknemlege for at sesongen i år har vore så god. Men hjulet fortset å rulle og nye ting dukkar nok opp.

Me trur me har forvalta verdiane på ein god måte. Men tenker at me kan bli litt bedre. Årets sesong er over.